torsdag, november 26, 2009

You think that I'm strong.
You're wrong.
You're wrong!

Eg skriver populærmusikkhistorieoppgave om Robbie Williams. Han var flink ein gang i tida...

søndag, november 08, 2009

Jaja, då kom vel kansje sikkert den berykta svineinfluensaen til meg óg. Eg er ikkje så sjuk. Litt svin tek ikkje knekken på meg :p Ikkje har eg fått det bekrefta heller (frå andre enn pandemi.no, vel å merke...), men eg bør jo holde meg heime ei veke... Kjedelig, men sikkert litt deilig og. Jaja.
Sånn ellers så var det AGC turné i helga. Gøy! Bra eg er med i crewet, for viss ikkje hadde det vore litt meiningslaust at eg var der.. Var ikkje med å sang i det heile tatt.. Første kvelden fordi eg rett og slett ikkje hadde lyst, og resten fordi eg hadde vondt i halsen (eller.... svin. sikkert.). Så sånn er det. :)

fredag, oktober 30, 2009

Det vert lite blogging for tida, grunna dårleg internett-tilgang... Så sånn er det... Når det gjeld førre helg, så fekk eg gjort mykje av det eg skulle gjere, men ikkje alt. Så eg er vel nøgd. Denne helja skal vi ha dei fyrste konsertane med årets Ansgar Gospel Choir. Gøy :) Spesielt, men sikkert kjekt óg å stå i koret i år, og ikkje sitte i bandet. Men eg gleder meg. Får jo tross alt vere med til New Orleans i år og, så eg skal ikkje klage ;)

torsdag, oktober 22, 2009

Te helja, kansje!
Oppdatert 23.10.09 01:01

Dette skal eg gjere i helga.
(Uttrykket "helg" betyr her torsdag kl 21 - søndag kl 19)
(Tilfeldig rekkefølge)

(kursiv = gjennomført)

1. Øve på samspellåtane
2. Øve på låten eg skal spele med vokal-samspelgruppa
3. Skrive blekke på Riverdance-introen (som EIGENTLEG ikkje var min jobb. Fortsatt bitter.)
4. Øve på Riverdance-introen (fortsatt bitter her og...)
5. Skrive blekke på Jeg er i Herrens hender
6. Skrive blekke på Salige visshet
7. Reinskrive blekka på Uh Oh!
8. Øve på Uh Oh!
9. Plukke River (Herbie Hancock sin versjon)
10. Øve på River (fortsatt Herbie)
11. Vaske badet
12. Vaske kjøkkenet
13. Vaske golvet
14. Vaske sengetøy
15. Tørke støv på rommet
16. Støvsuge rommet
17. Jobbe med låt 1 til arrangering&låtskriving-innleveringa
18. Jobbe med låt 2 til arrangering&låtskriving-innleveringa
19. Plukke og øve på sangen eg skal spele med Elise
20. Øve på She-sangene
21. Lese om wienerklassissismen og rokkokokkoen (ja. eg veit at det heiter rokokko.)
22. Plukke blås på The Light
23. Lage pianoeksamenlåt
24. Lage beat til barnekor-rapp
25. Øve gospeltriks
26. Øve jazz
27. Kjøpe kaffitraktar
28. Fikse skrivaren
29. Skrive blekke på You are not alone (av Michael Jackson)
30. Handle mat
31. Svare på mail
32. Lese om romantikken
33. Lese om klassisk musikk, 1900-1919
34. Lese om klassisk musikk, 1919-1945
35. Lese om klassisk musikk, 1945-2000
36. Vaske trappa
37. Gå tur
38. Gå tur*
39. Gå tur*
40. Skrive blekke på Jesus din søte forening å smake


*Eg må jo gå ein tur kvar dag :)
Kursiv skrift = gjennomført

onsdag, oktober 21, 2009

Det byrjar å verte lenge mellom innlegga.. Og for såvit lenge mellom kvar gong eg skriv reint nynorsk. Så her kjem det vettu. Begge delar på ein gong. Ikkje verst =)
For tida går det i musikkfag, jobbleiting og øvingar. Eg har ein eksamen i (klassisk) musikkhistorie eg må lese til. Eg tykjer det er keisamt med klassisk musikkhistorie. Samstundes som eg av og til overraskar meg sjølv og tenkjer "Hm. Barokken er eigentleg litt intressant...!". I tillegg må eg, i eit fag som heiter arrangering&låtskriving, skrive to låtar. Ein med blås og ein med stryk. Så det. Litt gøy, men litt skummelt og masse arbeid. Men eg oppdaga faktisk at det er over ein månad til det skal leverast, så kanskje eg skal gjere litt skikkeleg arbeid med det. Kanskje eg skal gjere det så skikkeleg at eg vert nøgd med produktet. Det hadde jo vore noko...
Sånn elles så skal eg snart til New Orleans! Eller... Det er nesten tre månadar til, men eg skal i alle fall der... :D Hurraa!!!! Eg gleder meg så SJUKT. Tredje gangen. Yesss.
Apropo reising, så har eg vore i Barcelona. Der var det varmt. Opp i mot 30 grader, og masse bading i Middelhavet. Deilig! Ferie er fint. =)

Men no skal eg lage strykearrangement på ein melodi eg skreiv når eg var liten. Som inspirasjon høyrer eg på "The Truth Will Always Be" av Pat Metheney. For den har same akkordprogresjon som strykearret mitt skal ha. Så veit du det. Uansett; ei fin låt =) (Pat si, altså.)

fredag, oktober 16, 2009

Jeg skulle ønske jeg kunne strikke/hekle. For jeg trenger et pannebånd... DET hadde vert godt å ha nå som det er så kaldt ute.. :)

torsdag, oktober 01, 2009

I morgon er det Barcelona neste. Eg gledar meg! Hurra for sol og varme ei veke!